Orienteringsmøte 13. august

Orienteringsmøte 13. august


Orienteringsmøte for konfirmantar og foreldre/føresette.

 

Eit godt samarbeid med heimane er ein viktig føresetnad for ei god konfirmanttid. Denne torsdagen (13. august)  samlar vi konfirmatar og foreldre/føresette i Frøyset kyrkje  til ein gjennomgang av konfirmantåret. Her vert det høve til å stille spørsmål.

I påmeldingsskjemaet oppmodar vi foreldre til å ta del i ulike oppgåver, t.d. lage mat til ei samling, transport, vakt under arrangement, etc.  Vi har gode erfaringar med at foreldre stiller opp. Fint om de kan bidra på ein eller anna måte.

Er det forhold rundt konfirmanten som foreldre/føresette meiner er viktig at det vert teke omsyn til, ber vi om at ein tek kontakt. Dette kan ein melde frå om i påmeldingsskjema, at ein ønskjer ein samtale/møte med konfirmantansvarleg.

Tilbake