Minikonsert og friluftsgudsteneste i Stordalen


 


Tradisjonen med Minikonsert og Friluftsgudsteneste under Bjørn West-marsjen held fram. Bildet er frå eit av dei første åra, og vi har bytta plass for sceneteltet sidan då. I år har også plassen blitt endra ved at Stordalen Fjellstove har utvida, men teltet får truleg plass omtrent som dei siste gongene. I alle fall blir der Minikonsert ved Kjersti Wiik og Frode Skag Storheim kl 14.30, Friluftsgudsteneste ved Geir Sørebø kl 15.15, og Minnesamling ved minnestøtta kl 16.00.

Tilbake