Personvernerklæring for Masfjorden sokn

For at Masfjorden sokn skal ha lov til å handsame personopplysningar, må minst ein av desse føresetnadane vere til stades:

  • Bruken av personopplysningane er heimla i lov.
  • Bruken av personopplysningane er naudsynte for utføring av ei ynskt teneste.
  • Det føreligg samtykke frå vedkomande om bruken av personopplysningane.

Masfjorden sokn handsamar personopplysningar knytt til

  • at soknet har registrerte medlemer,
  • at soknet utfører ulike tenester, til dømes dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd,
  • at soknet har arbeidsgjevaransvar.

Masfjorden sokn tilstrebar gode rutinar for korrekt handsaming av personopplysningar gjennom

  • at ein så langt det er mogleg, ser til at opplysningane ein nyttar er korrekte, eller at kjelda for opplysningane er verifisert,
  • at alle personopplysningar som vert nytta, vert lagt inn, handsama og arkivert i eigne elektroniske system,
  • at alle opplysningar kun vert nytta til dei føremål dei i si tid vart samla inn for, eller
  • at vedkomande person har samtykka i at alt innhenta opplysningar vert brukt til nytt oppgitt føremål,
  • at alle personopplysningar vert lagra og eventuelt sletta i samsvar med gjeldande lovverk.

Masfjorden sokn vil leggje til rette for at kvar einskild som ynskjer dette, får innsyn i og høve til retting/sletting av personinformasjon Masfjorden sokn har om vedkomande, eller den/dei vedkomande har lovheimla representasjonsrett for.

Det er kyrkjeverja i Masfjorden som er ansvarleg for handsaminga av personopplysningar i soknet. Alle forespurnader knytt til soknet si handsaming av personopplysningar skal rettast til vedkomande.

Formelle forespurnader angåande innsyn i, retting av eller sletting av personopplysningar skal vere skriftlege, av dokumentasjonsomsyn.
Ein bed om at dette skjer ved personleg frammøte, eller i brev stila til

Kyrkjeverja i Masfjorden
Austfjordvegen 2724
5981 Masfjordnes

Av omsyn til personvernet vil ein på det sterkaste rå ifrå at forespurnader eller andre henvendingar som kan innehalde personopplysningar, går via e-post.

Datatilsynet si heimeside kan du lese meir om kva rettar den einskilde har når personleg informasjon vert samla inn og nytta.